Saman om å utvikle framtidas administrative tenester ved Det medisinske fakultetet, UiB

Det medisinske fakultet er i stadig utvikling. Nye krav, nye moglegheiter og nye arbeidsformer gjer at vi med jamne mellomrom må sjå på korleis vi organiserer og vidareutviklar tenestene som støttar forsking, utdanning og den daglege drifta. Den 2. september vedtok fakultetsstyret å setje i gang prosjektet «Heilskaplege tenester» ved Det medisinske fakultet».

Kvifor startar vi dette arbeidet?

Dagens organisering av dei administrative tenestene byggjer i hovudsak på modellen som vart innført i 2013. Sidan då har både universitetet og sektoren endra seg mykje. Økonomiske rammevilkår er strammare, konkurransen om studentar og medarbeidarar er større, og digitalisering har skapt nye moglegheiter for effektivisering og samarbeid.

Samtidig har fakultetet fått nye oppgåver og ambisjonar. Gjennom «Vestlandslegen» og utviklinga av ein fleircampusmodell skal vi tilby gode og likeverdige tenester til studentar og tilsette i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger. I tillegg kjem viktige satsingar innan utdanning, forsking og innovasjon, mellom anna ny studieplan for odontologi og auka innsats for eksternfinansiert forsking.

Dette gjer det naturleg å undersøkje korleis vi kan utvikle dei administrative tenestene slik at dei møter behova til fakultetet også i åra som kjem.

Kva er målet?

Prosjektet skal leggje grunnlaget for administrative tenester som er robuste, framtidsretta og tilpassa behova i verksemda. Arbeidet skal mellom anna bidra til:

  • meir føreseielege og likeverdige tenester på tvers av institutt, funksjonar og campusar
  • riktig dimensjonering av administrative ressursar
  • styrkt kompetanse og større fleksibilitet i organisasjonen
  • meir standardisering, forenkling og digital utvikling av arbeidsprosessar
  • å vidareutvikle MED som ein attraktiv arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Kva skal prosjektet gjere?

Prosjektet skal kartleggje dagens tenester, oppgåver og bemanning, analysere framtidige behov og vurdere alternative modellar for organisering og drift. På bakgrunn av dette skal det utarbeidast forslag til framtidig tenestemodell, kompetansebehov og bemanningsplan. Ei sluttrapport med tilrådingar skal etter planen leggjast fram for fakultetsstyret mot sumaren 2027.

Det er viktig å understreke at instituttstrukturen ligg fast og ikkje er ein del av prosjektet. Arbeidet handlar om korleis dei administrative tenestene best kan organiserast og vidareutviklast for å støtte fakultetet sine kjerneoppgåver.

Brei involvering gjennom heile prosessen

Fakultetsstyret har lagt stor vekt på medverknad. Tilsette, studentar, tillitsvalde og vernetenesta skal involverast gjennom heile prosjektperioden. Det vil bli lagt til rette for innspelsmøte, dialog i etablerte møteforum, spørjeundersøkingar og eigne informasjonskanalar der medarbeidarar kan følgje arbeidet og kome med innspel. Målet er at ulike perspektiv og erfaringar skal vere med på å forme løysingane som blir utvikla.

Eit prosjekt for framtida

Fakultetsleiinga vurderer at tidspunktet er inne for ein samla gjennomgang av dei administrative tenestene. Ambisjonen er ikkje berre å møte økonomiske og organisatoriske utfordringar, men også å sikre at fakultetet har administrative tenester som støttar dei faglege miljøa på best mogleg måte og legg til rette for vidare utvikling innan forsking, utdanning og innovasjon.

Vi ser fram til eit arbeid prega av samarbeid, openheit og medverknad, og oppmodar alle medarbeidarar til å følgje prosessen og bidra med sine erfaringar og perspektiv undervegs.

Her er relevante dokument:

Fakultetsstyresak om utvikling av helhetlig administrasjon (styresaksnummer 51/26)
Prosjektorganisering og medlemmer

—-

English version (translated by the use of CoPilot, and proofread by the editor)


Comprehensive services at the Faculty of Medicine

The Faculty of Medicine is continually evolving. New requirements, new opportunities and new ways of working mean that we regularly need to review how we organise and develop the services that support research, education and day-to-day operations. On 2 September, the Faculty Board approved the launch of the project «Helhetlige tjenester ved Det medisinske fakultet»/Comprehensive services at the Faculty of Medicine. 

Why are we starting this work?

The current organisation of administrative services is largely based on a model introduced in 2013. Since then, both the University and the higher education sector have changed significantly. Financial conditions are tighter, competition for students and staff has increased, and digitalisation has created new opportunities for efficiency and collaboration.

At the same time, the Faculty has taken on new responsibilities and ambitions. Through the Vestlandslegen initiative and the development of a multi-campus model, we aim to provide high-quality and equitable services to students and staff in Bergen, Førde, Haugesund and Stavanger. Additional priorities include major developments in education, research and innovation, including a new curriculum in dentistry and increased efforts to secure externally funded research.

These changes make it timely to assess how our administrative services can continue to meet the Faculty’s needs in the years ahead.

What is the goal?

The project will lay the foundation for administrative services that are robust, future-oriented and aligned with the Faculty’s needs. The work will contribute to:

  • More predictable and equitable services across departments, functions and campuses
  • Appropriate allocation and sizing of administrative resources
  • Stronger competence and greater flexibility within the organisation
  • Increased standardisation, simplification and digital development of work processes
  • Further development of the Faculty of Medicine as an attractive workplace with strong opportunities for professional growth

What will the project do?

The project will map current services, responsibilities and staffing levels, analyse future needs, and assess alternative models for organisation and service delivery. Based on this work, proposals will be developed for a future service model, competence requirements and a staffing plan.

A final report with recommendations is expected to be presented to the Faculty Board by summer 2027.

It is important to emphasise that the departmental structure will remain unchanged and is not part of the project. The project focuses on how administrative services can best be organised and developed to support the Faculty’s core activities.

Broad involvement throughout the process

The Faculty Board has placed strong emphasis on participation and involvement. Staff, students, employee representatives and health and safety representatives will be involved throughout the project period.

Opportunities for participation will include consultation meetings, dialogue through established forums, surveys and dedicated information channels where staff can follow the progress of the project and provide input. The aim is to ensure that a broad range of perspectives and experiences inform the solutions that are developed.

A project for the future

The Faculty leadership believes the time is right for a comprehensive review of administrative services. The ambition is to ensure that the Faculty has administrative services that provide effective support for its academic communities and enable continued development in research, education and innovation.

We look forward to a process characterised by collaboration, openness and participation, and we encourage all staff members to follow the project and share their experience and perspectives along the way.

Relevant documents

  • Faculty Board paper on the development of comprehensive administrative services (Board Case 51/26) (see link above)
  • Project organisation and members (see link above)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *